Visit Nordfjord løfter fram lokalmat.

– Vi har ein Nordfjord Smak-monter hos Bakar Jon på Byrkjelo, og no har vi gjennom det gode samarbeidet vi har med Coop Vest og Geir Espe også fått i stand samarbeid i Coop Extra butikken i Stryn. Der skal vi kle ein vegg med lokalmatbilete og Nordfjord Smak-logo, og ha hyllemarkørar for å løfte fram alle lokalmataktørane som høyrer heime i Nordfjord, fortel Beate Vik Hauge. Ho er marknadssjef i Visit Nordfjord og fortel om det treårige prosjektet «Lokalmat og reiseliv i Nordfjord», som har fått økonomisk støtte frå Fylkesmannen. På nordfjord.no har Visit Nordfjord løfta fram over 20 lokalmataktørar frå Nordfjord for å synleggjere desse. I tillegg er det laga eigne forkle og papirposar med logo.

– Tanken er å samle lokal mat og drikke i Nordfjord under «paraplyen» Nordfjord Smak, fortel Beate Vik Hauge, som legg til at målet mellom anna er å skape auka merksemd og stoltheit over lokale råvarer og matkultur, samarbeid mellom lokalmataktørar og reiseliv for å auke verdiskaping og attraktivitet og gjere mat og drikke til ein viktig del av regionen som reiselivsprodukt.