Denne veka vart kulturminneplanen til Stryn kommune lagt ut på høyring.

Fleire kommunar i fylket jobbar med å utarbeide slike planar. Målet er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne.

Stryn la nyleg ut sin kulturminneplan på offentleg høyring, og fristen for innspel på denne er sett til 1. april.

Kommunane har planmynde og skal ved hjelp av plan- og bygningslova forvalte og ta vare på mangfaldet av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samtidig er det mange lag, organisasjonar og enkeltpersonar som gjer ein stor innsats for å ta vare på lokale kulturminne, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

- Det er veldig kjekt å sjå korleis kommunane og dei frivillige får stadig meir kompetanse på kulturminnefeltet. Denne kompetansen gjer at dei lokale aktørane betre kan ta vare på, vidareutvikle og dra nytte av sine eigne kulturminne, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for fylkeskommunen si satsing Lokale kulturminneplanar.

Samarbeid kommune og frivillige

Når kommunane no har teke på seg å utarbeide kulturminneplanar har eitt av måla vore å samarbeide tett med engasjerte frivillige. I Balestrand kommune har til dømes leiaren i Balestrand Sogelag, plansjefen i kommunen, kommunalsjefen for oppvekst og kultur, tilsette frå fylkeskommunen og ikkje minst mange frivillige vore involvert i arbeidet med kulturminneplan.

– Samarbeidet med dei lokale kulturminnearbeidarane har vore det kjekkaste i dette arbeidet, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur, Kari Helene Rønnestad, i pressemeldinga.

I Stryn har kommunen engasjert Stryn historielag til å intervjue dei innbyggarane i kommunen som var interesserte i å presentere «sitt kulturminne» – eit kulturminne denne personen meiner ein bør ta vare på og ikkje gløyme. Historielaget engasjerte heile organisasjonen sin i alle grendelag og gjennomførte 39 intervju. Alle desse intervjua og kulturminna som vert skildra, er presentert i kulturminneplanen.

Forvaltning og aktivitet

Kulturminneplanen er eit forvaltingsverktøy for kommunane, men han kan også vere eit verktøy for lokalsamfunnsutvikling. Ein viktig del av kulturminneforvaltinga handlar om å bygge kunnskap, og legge til rette for at kulturminne kan brukast og kome innbyggjarar til gode på ulike måtar. Tiltak og aktivitet har sin plass i planen sin handlingsdel.

Mange kommunar vel til dømes å utarbeide skilt og informasjonshefte for å løfte fram utvalde kulturminne. Dette kan vere ein ressurs både for innbyggjarar, besøkande og reiselivsnæringa.

Hornindal, Sogndal, Høyanger og Eid er dei fire kommunane som er ferdige med sine kulturminneplanar, opplyser fylkeskommunen.