Høgre, Frp, Venstre og KrF har inngått avtale om kommune- og regionreforma.

Semja medfører at det etter at reforma er fullført vert 358 kommunar her i landet, mot 428 tidlegare. 19 fylke blir redusert til 10 eller 11 regionar.

I åtte tilfelle brukar eit fleirtal samansett av Høgre, Frp og Venstre styringsretten og slær saman kommunar eller fylke med tvang.

Ingen av Nordfjord-kommunane høyrer med i dei tilfella der fleirtalet har valt å bruke styringsretten. Eid og Selje slår seg saman frivillig, det same gjer Hornindal og Volda. Dei andre nordfjordkommunane får halde fram åleine.

På lista over «tvangssamanslåingar» finn ein Leikanger, Balestrand og Sogndal i Sogn og Haram og Ålesund, Skodje, Sandøy, Ørskog på Sunnmøre.

Heller ikkje når det gjeld fylkessamanslåingar blir Nordfjord berørt av bruken av styringsretten. Stortinget aksepterer samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, medan Møre og Romsdal får halde fram åleine.

Dei nye regionane:

•Nordland, Tromds og Finnmark: Dei tre nordlegaste fylka skal reduserast til to eller eitt, med fastsetjing av grenser seinare

•Telemark og Vestfold blir ein ny region

•Buskerud, Akershus og Østfold blir til Viken-regionen (to av fylkestinga sa nei, men partane blir bedne om å ta opp igjen forhandlingane)

•Aust-Agder og Vest-Agder slår seg saman til Agder

•Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag slår seg saman til Trøndelag

•Hedmark og Oppland slår seg saman og blir region Innlandet

•Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman og blir regionen Vestlandet

•Møre og Romsdal får halde fram åleine

•Rogaland får halde fram åleine

•Oslo får halde fram åleine

Desse kommunane blir slegne saman med "tvangsvedtak" (styringsretten):

1. Ny kommune i Indre Østfold: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Spydeberg og Eidsbergmed Hobøl og Askim

2. Ny kommune på nedre Romerike: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Skedsmo, Sørum og Fet

3.Nye Lindesnes: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Mandal, Marnardal ogLindesnes

4. Kristiansand: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Kristiansand, Søgne ogSongdalen

5. Sogn: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Balestrand, Leikangerog Sogndal

6. Ålesund: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Haram og Ålesund,Skodje, Sandøy, Ørskog

7. Fosen: Med atterhald om ein del detaljar gjer Stortinget vedtak om samanslåing mellom Ørland og Bjugn

8. YtreNamdalen: Stortinget gjer vedtak om samanslåing mellom Nærøy, Vikna, Leka og Bindal

Bekrefta samanslåingar (gjensidige kommunestyrevedtak)

1. Sandefjord, Andebu, Stokke

2.Larvik, Lardal

3. Hof, Holmestrand, Sande

4. Tjøme, Nøtterøy

5.Rissa, Leksvik

6. Rygge, Moss

7. Hobøl, Askim

8. Rømskog,Aurskog-Høland

9. Oppegård, Ski

10. Røyken, Asker, Hurum

11.Svelvik, Drammen, Nedre Eiker

12. Tønsberg, Re

13. Bø, Sauherad

14.Audnedal, Lyngdal

15. Stavanger, Rennesøy, Finnøy

16. Forsand,Sandnes

17. Fjell, Sund, Øygarden

18. Radøy, Lindås, Meland

19. Os,Fusa

20. Ullensvang, Odda, Jondal

21. Voss, Granvin

22. Førde,Jølster, Gaular, Naustdal

23. Eid, Selje

24. Volda, Hornindal

25.Ålesund, Sandøy, Skodje, Ørskog

26. Norddal, Stordal

27. Fræna,Eide

28. Molde, Midsund, Nesset

29. Hemne, Halsa, Snillfjord(deles)

30. Hitra, Snillfjord (deles)

31. Orkdal, Agdenes,Snillfjord (deles), Meldal

32. Trondheim, Klæbu

33. Roan, Åfjord

34. Steinkjer, Verran

35. Namdalseid, Namsos, Fosnes

36. Narvik,Ballangen, Tysfjord

37. Tjeldsund, Skånland

38. Tranøy, Lenvik

39.Hammerfest, Kvalsund

Opplysningane er henta frå ei pressemelding frå regjeringspartia og støttepartia (V og KrF).