Stryn kommune si barnevernteneste oppfyller ikkje lovkrava etter forslag i ny barnevernslov.

- Stryn kommune har i dag ei uformell vaktordning utan noko godtgjersle og ingen formell forpliktelse til å vere tilgjengeleg. Dette har i realiteten ikkje vore eit problem, men direktoratet seier no at dette held ikkje. Akuttberedskap skal vere formalisert og publikum skal ha eit nummer dei kan ringe til einkvar tid, fortalte rådmann Berit Wetlesen Stryn formannskap onsdag.

- Barnevernsleiarane i Gloppen, Eid og Stryn tilrår at beredskapen vert organisert som eit samarbeid mellom dei tre nemnte kommunar og at ei av kommunane vert oppnemnt som vertskommune for ordninga. Grunngjevinga for dette er at ei slik organisering er det som balanserer best dilemma knytt til geografi, kostnad, styringskontroll, oversikt over aktuelt hjelpeapparat og forsvarlig vaktbelastning, heiter det mellom anna frå det omfattande saksframlegget som alt har vore igjennom Helse- og sosialutvalet.

Ordninga vil gi Stryn kommune ein større kostnad knytt til barnevernstenesten, men det skal vere høve til å søke Fylkesmannen om økonomisk støtte knytt til dette feltet. Ein konkret sum for kva dette vil koste Stryn kommune er altså ikkje klart.

- Men beredskap koster alltid, fastslo rådmann Berit Wetlesen.

Rådmannen skriver i si vurdering at felles akuttberedskap mellom Eid, Gloppen og Stryn kan gje ei verdifull erfaring som grunnlag for vurdering av kva som er tenleg organisering i framtida. Saka vert lagd fram med likelydande utgreiing i dei tre kommunane.

Følgande framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke under formannskapet onsdag: 1. Stryn kommune inngår avtale med Gloppen og Eid om felles beredskapsvakt i barnevernet i tråd med saksframstillinga. 2. Dersom kommunane er samde om det kan Eid kommune vere vertskommune for ordninga. 3. Iverksetting bør skje snarast råd ettersom vaktberedskap allereie er eit vilkår for å innfri forsvarlighetskravet i lov om barneverntenester. 4. Budsjettsak for dekking av kostnaden f.o.m. 01.04.17 vert å legge fram når det ligg føre svar på søknad om fornyingsmidlar frå fylkesmannen. 5. Samarbeidet vert å ta opp til ny vurdering frå det tidspunkt kommunereforma gjer at ein av kommunane evt. slår seg saman med andre. 6. Det vert å inngå skriftleg samarbeidsavtale mellom kommunane om organisering av tiltaket 7. Den interkommunale beredskapsordninga vert å evaluere innan utgangen av kvart kalenderår og har ei gjensidig oppseiingstid på 12 mnd.

Saka har si bakgrunn i at Bufdir i eit brev til kommunane i fjor sommar klargjorde at kommunane skal ha ei formell organisering av barnevernet som sikrar ei forsvarleg teneste også utanom kontortid. Sentrale krav i tenesten er tilgjenge og rett kompetanse.

- Ei bakvaktsordning må vere formalisert slik at nokon har ansvar for å bidra med barnevernstenesta si kompetanse, og samarbeide med andre hjelpeinstansar om det oppstår ein alvorleg situasjon utanfor kontortid. Ei ordning som baserer seg på at barnevernsleiarar eller tilsette i varierande grad kan kontaktast på private telefonnummer i krisesituasjonar er ikkje ein forsvarlig organisering av barnevernstjenestens akuttberedskap, heiter det mellom anna i formuleringa frå Bufdir.

Krav om eit døgnkontinuerlig tilgjengeleg barnevern er og foreslått tatt direkte inn i lovteksten i forslag til ny barnevernslov. Forslaget inneber og at påtalemakta ikkje lenger skal kunne fatte hastevedtak.

Saka skal vidare handsamast i kommunestyret.