I dag startar VM i nordiske greiner i Lahti.

– Eg trur vi har bra sjansar til å kjempe om medaljer, seier landslagstrenar Alexander Stöckl til Fjordingen.

– Kva har det blitt fokusert på for dei hopparane som har vore heime for å «knekke koden»?

– Fokuset har vore fordelt på teknikk og tilpassing av utstyr. Og etter det eg har høyrt har resultata vore bra. Dei har trent på Lillehammer og i Holmenkollen og køyrt ganske låg fart, og det har sett positivt ut.

– Det har vore sagt at Norge har hamna litt i bakleksa når det gjeld utstyr, har det vore gjort noko med dressane?

– Det har vore jobba med forskjellige modellar, og vi har funne noko som ser lovande ut.

– Ut med det mykje omtalte beltet for å hindre disking for dressfeil?

– Nei, det er framleis der, det slepp vi ikkje unna!

– Kva forventningar har du til VM?

– Det er litt vanskeleg å seie fordi halvparten av laget ikkje var med i siste verdscuprenna. Men sidan dei som var heime har jobba bra og «gutta på tur» gjorde det bra, trur eg framleis vi har sjanse til å kjempe om medalje i alle konkurransar.

Programmet for hopparane under Lahti-VM:

Torsdag 23. februar13:00 - Kvalifisering, normalbakke (HS100), kvinner

Fredag 24. februar13:30 - Kvalifisering, normalbakke (HS100), menn16:30 - Normalbakke (HS100), kvinner

Laurdag 25. februar16:30 - Normalbakke (HS100), menn

Søndag 26. februar16:30 - Blanda lagkonkurranse (HS100)

Mandag 27. februarKviledag

Tysdag 28. februarKviledag

Onsdag 1. mars17:00 - Kvalifisering storbakke (HS130), menn

Torsdag 2. mars17:30 - Storbakke (HS130), menn

Fredag 3. marsKviledag

Laurdag 4. mars16:30 - Lagkonkurranse, menn