Det er faregrad 3 og betydeleg snøskredfare i store delar av landet denne helga. Det gjeld både på Vestlandet og store delar av Nord-Norge. Enkelte stader skapar eit vedvarande svakt lag spesielt krevjande forhold, i tillegg til ustabile nysnøflak som er hovudskredproblemet dei fleste stader, melder NVE i ei pressemelding.

Ved faregrad 3-betydeleg krevst det svært mye kunnskap for å bevege seg trygt i bratt terreng.

- Vi anbefalar difor folk om å halde seg unna skredterreng, det vil seie alle fjellsider som er brattare enn 30 grader, seier vaktleiar i Snøskredvarslingen Ragnar Ekker.

- I område med vedvarande svakt lag må ein også være obs på fare for å fjernutløyse skred. Det er alltid smart å halde god avstand til bratte fjellsider ved faregrad 3-betydeleg, seier Ekker.

- Drønn, sprekker og ferske skred er tydelege teikn på at snødekket er ustabilt. Det er samtidig viktig å vere klar over at fråvær av fareteikn ikkje betyr stabilt snødekke, sier Ekker vidare. Han minner om at forholda i fjellet kan endre seg raskt.