Lastebileigarforbundet er bekymra for forholda for utanlandske sjåførar:

Nye tal frå SSB og Statens vegvesen peikar på ein urovekkande utvikling innan grensekryssande transport, meiner NLF.

– Den danske rapporten bekreftar i stor grad bekymringane våre knytte til arbeids- og levekår for austeuropeiske sjåførar. Det er god grunn til å tru at vi har liknande utfordringar også i Norge, seier administrerande direktør i NLF, Geir A. Mo i ei pressemelding frå NLF.

Rapporten med tittel «Byways in Danish transport» vart framlagd for EU-parlamentet 24. januar i år. Rapporten viser at tusenvis av sjåførar lever under svært dårlege forhold i fleire veker og månadar i strekk, opplyser forbundet.

- Tydelege faresignal

– Blant hovudpunkta som vert trekte fram i rapporten er ei gjennomsnittleg månadsløn på 13.000 kroner, omlag ein tredel av lønsnivået i Norge. Sjåførane er i gjennomsnitt i lastebilen utan opphald i sju veker, og vert regelmessig pressa av arbeidsgjevar til å bryte lover og reglar. Dei køyrer aldri gods i heimlandet og fungerer i praksis som utstasjonerte framandarbeidarar, skriv NLF i omtalen av rapporten.

Frå 1. juli 2015 vart timesatsane for yrkessjåførar i Norge allmenngjorde. Det betyr i praksis at alle som utfører transportoppdrag i Norge – også kabotasje – skal ha minst 158,32 kroner per time i tillegg til diettpengar.

– Også i Norge ser vi tydelege faresignal. Arbeidstilsynet sine kontrollar av den norske allmenngjeringa viser at 73 prosent av utanlandske transportaktørar ikkje følgjer lønnsreglane, verken når det kjem til timeløn eller diett, fortel Mo.

Nyleg presenterte NLF tal frå SSB og Statens vegvesen som indikerer at godsmengdene per lastebil har minka drastisk dei siste fem åra, samtidig som utbreiinga av organisert kabotasje har auka. Desse to faktorane meiner Mo heng saman:

– Stadig fleire utanlandske lastebilar køyrer inn i Norge med ei symbolsk last ombord, kun for å få tilgang til det lukrative innanriksmarkedet. Når vi samtidig ser at sjåførane regelmessig blir underbetalt, er det ikkje vanskeleg å tenkje seg kva som føregår, seier Mo.

Tre innanriks fraktoppdrag

Dagens kabotasjeregelverk tillèt utanlandske transportørar som kjem til Norge med gods å utføre inntil tre innanriks fraktoppdrag i løpet av sju dagar, før dei må ut av landet igjen. Tanken bak er å unngå miljøfiendtleg tomkøyring ved å sikre returfrakt på bilar som likevel er på vegane. Men NLF meiner mykje tyder på at misbruk av regelverket aukar. No etterlyser NLF meir kunnskap.

– Vi vil aktivt arbeide for å få på plass ei norsk rapport etter mønster frå Danmark. Vi vil ta kontakt med arbeidstakarorganisasjonane og myndigheitene, herunder arbeidsminister Anniken Haugli, fortel Mo, og legg til:

– Dersom vi skal få eit riktig bilde av marknaden slik det er i dag, må vi også tore å studere skuggesida. Dette er konsekvensen av ei manisk jakt etter lågaste bodet, utan tanke for element som trafikksikkerheit og sosiale forhold. Ingen vil ha utslitne og underbetalte sjåførar bak rattet på store vogntog, spesielt ikkje i Norge med våre særeigne utfordringar knytte til ver, føre og vegvedlikehald.