Vegen mellom Olden og Oldedalen er stengt

- Kl. 0540, Fv 724 er sperra av snøras, melde politiet i dag tidleg. Vegen er inntil vidare stengd, ny vurdering vert i morgon tidleg, melder Vegmeldingssentralen.

Dermed er Oldedalen isolert det neste døgnet.

- Det bur rundt 80 personar i dalen, 24 av desse er barn, to av dei er nyfødde babyar. Det verste med stengd veg og dårleg ver er dersom noko skulle skje. I Oldedalen bur eet fleire gamle, nokre er avhengige av behandling. Vi har sjølve ei to år gammal jente som er kronisk sjuk. Så vi er mange som ønskjer oss betre og sikrare veg, seier Hege Gjertsen, ein av dei fastbuande i dalen, til Fjordingen.

- Vi har sjølve fem born og kjenner ofte på usikkerheit ved å bu i Oldedalen med periodevis utrygg veg. Ting foradrar seg, også i Oldedalen. Mange av oss som som bur her jobbar utanfor bygda og vi er heilt avnhengige av god og trygg veg i kvardagen, seier Gjertsen, som sjølv jobbar på Tonning skule i  Stryn, medan mannen hennar jobbar i Loen.

- Det verste med stengd veg og dårleg ver er dersom noko skulle skje med folk eller dyr, seier Hege Gjertsen. Foto: Privat

Næringslivet vert også råka når vegen blir stengd.

- Vi har tre kyr i fellesfjøsen vår som skulle vore inseminerte i dag. Stengd veg betyr også at dyrlegen ikkje kan kome om vi får sjuke dyr, det er 80 kyr i fjøset og kalving heile året. Og tankbilen får heller ikkje henta mjølk om det går fleire dagar, seier Gjertsen.

- Oldedalen er ei lita bygd med store ressursar. Det er mange flittige bønder her, og vi har Briksdalen og Olden Brevatn. Men vi treng større fokus på sikkerheita for alle som ferdast på vegen.