Johannes gjekk eit kjempeløp då verdscupavslutninga i skiskyting vart innleia med sprint i Holmenkollen fredag ettermiddag. Feilfri skyting og god fart i løypa gav siger med 13,6 sekund føre Martin Fourcade. Han skaut ein bom på den ståande serien. Anton Shipulin frå Russland vart nummer tre.

- Heilt rått på heimebane, uttalte Bø til NRK.

Sigeren er Johannes sin andre dette året. Han vann fellesstarten i Anterselva 22. januar.

Også storebror Tarjei imponerte med ein svært sterk 6.plass. Han skaut ein bom, men gjekk godt i sporet og var berre i overkant 28 sekund bak Johannes.

Dette har sikra brørne Bø eit svært godt utgangspunkt før morgondagens jaktstart.