Jegrar kan få jakttroféa sine vurderte under viltsemintaret  Sogn og Fjordane Bondelag, Vestskog, Norsk Hjortesenter og Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane arrangerer i Førde.

- Å felle store hanndyr med flotte gevir under jakta bør ikkje vere eit mål i seg sjølv, det er viktig å få ei retta avskyting etter kva mål ein har. Det kan vere uheldig å skyte for mange store bukkar / oksar i eitt område, så det bør ein vere varsam med.  Men når ein først har fått skote dyr med fint gevir kan det vere kjekt å få det målt, seier fylkessekretær Reidun Solberg Seim i NJFF (Norges Jeger- og Fiskerforbund) Sogn og Fjordane. Under viltseminaret i helga kan både medlemmar og andre nytte høvet til å få oppmålt trofé. NJFF Sogn og Fjordane sine trofédommarar, Knut Øyvind Marås og Vidar Aa Djupvik, vert til stades for å måle både gevir og skallar. Medaljene ein kan få er gull, sølv eller bronse, eller ein vert ståande utan medalje. Ein kan også få målt skallar, t.d. frå bever og bjørn, opplyser NJFF Sogn og Fjordane sin fylkessekretær.