Takka vere naboar som oppdaga brannen og rask sløkking først med pulverapparat, slapp ein huseigar i Hornindal unna med brannskadd ytterkledning tysdag kveld.

- Brannen som vart meldt kl 18:55 skuldast ei bøtte med oske som var sett på utsida av husdøra. Med litt vind har oske foke vekk og det vart fyr i kolklumpane i metallbøtta. Dermed tok det fyr i frambygget på huset og ein del av kledningen, opplyser brannsjef Ståle Hatlelid.

Brannvesenet var raskt på plass og kontrollerte situasjonen med vatn etter at huseigar og nabo hadde gjort ein viktig førsteinnsats med pulverapparat.

- Hadde det gått nokre minutt til før brannen vart oppdaga, ville elden ha slått gjennom kassekledning på huset og opp på loftet. Heldigvis gjekk det bra, seier brannsjef Hatlelid.

Han seier lærdommen er å ikkje setje ut oske utan å sørge for at han er kald.

- Er det varme i oska, så må ein tømme vatn i bøtta og setje han vekk frå husveggen, seier Hatlelid.