– Vi ber om at det blir gjort eit nytt kostnadsoverslag når det gjeld gang- og sykkelveg mellom Ugla og Skarstein, seier bygdeutviklar Ketil F. Hansen i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen.

I eit brev til samferdsleutvalet ber Kontaktutvalet fylkespolitikarane legge det neste møtet sitt til Olden/Loen/Stryn, for å sjå sjølve korleis situasjonen har utvikla seg når det gjeld gang- og sykkelveg i Olden.

Samstundes med fullføringa av siste del av «Norges verste veg» var det planlagt 1.280 m gang- og sykkelveg. Denne vart teken ut då det endelege vedtaket om fullføring av vegen vart gjort.

– I jubelbruset etter vedtaket har avgjerda om at vegen skulle byggast utan gangveg kome i bakleksa, seier Hansen.

Venta innsparing

Vedtaket våren 2015 vart gjort med grunngjeving om innsparing. Kontaktutvalet peikar på at det m.a. vart framhelde at:

– Det vart mindre murar på strekninga

– Ein slapp å løyse inn ein fritidsbustad

– Ein ville spare ein del på grunnkjøp og dyrka mark

Dette skulle gje innsparingar i storleiken 20 millionar kroner.

– I praksis viser det seg at det blir mykje muring på heile strekninga på grunn av bratte skråningar og leirmasse i grunnen. Dette fører også til at det meste av grunnkjøpet skjer som opprinneleg planlagt og omtalt i reguleringsplanen frå 2010. Fritidseigedomane blir også innløyste.

Ein av dei er alt riven, og fylkesadministrasjonen har dokumentert at det kun var 500.000 å spare på å ikkje løyse inn den andre. Innsparingane vert såleis ikkje det fylkestinget vart førespegla då dei fatta vedtak om å ikkje byggje gang- og sykkelvegen, seier Hansen.

No ber Kontaktutvalet om at det blir gjort eit kostnadsoverslag resterande kostnadar for å få bygd gang- og sykkelveg/fortau på strekninga der det ikkje er naturleg å plassere dette på toppen av ny mur.

Politisk «ingenmannsland»

– Vi treng eit politisk vedtak. Vegvesenet vil ikkje rekne på dette utan å få beskjed frå politikarane, seier Hansen, som legg til at saka dermed blir liggande i eit «ingenmannsland» mellom to institusjonar. Ettersom det no blir gjort mykje som vart nytta som argument i «innsparingsvedtaket», meiner Hansen politikarane må sjå på reknestykket på nytt.

– Restkostnadane med å byggje gangveg i denne nye situasjonen bør i alle fall sjekkast! seier han.

- Køyrer som planlagt

Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen får ikkje oppfylt ønskjet om at samferdsleutvalet skal leggje møtet sitt til Olden.

– Vi held fast på møteplanen, seier leiar for samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noralv Distad.

– Så komande møte blir i Årdal og deretter blir det møte i Leikanger.

– Kva tenkjer du om innspelet frå Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen?

– Vi har motteke notat frå kontaktutvalet, og det blir lagt fram som referatsak på førstkomande møte i hovudutval for samferdsle.

– Vi treng eit politisk vedtak om å rekne på restkostnadane, seier Ketil F. Hansen. Foto: Gunnhild Sindre
Noralv Distad, leiar for samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Ekstern