Nordfjord Havn var representert på Seatrade Cruise Global i Fort Lauderdale under destinasjonen Olden/Nordfjord, fortel driftsleiaren.

Ordførar og destinasjonsselskap Årets messe har vore den beste eg har delteke på. Der var i forkant av messa avtalt møte med fleire av cruiserederia. Når vi var så heldige å ha med destinasjonsselskapet og ordførar på møte med reiarlaga, hadde vi kompetanse til umiddelbart å svare på all informasjon som var teke opp, seier Oldeide.

– Dette var godt å ha med i møta og samtalene vi hadde med Holland America Line, MSC, RCCL, Silversea, Noble Caledonia, Seadream, Saga, Ponant, Lindblad Expeditions, NCL, Regent, Oseania Cruises, Disney, Viking Cruise og The World.

Booka nye anløp på messa

Oldeide seier at i løpet av dei fire hektiske dagane messa og konferansane gjekk føre seg, fekk Olden konkret fire nye anløp.

– Nordfjord Havn har no allereie 90 anløp bestilt for 2018. Det betyr at dette ser ut til å bli eit nytt rekordår. I tillegg har møta opna mogelegheit for at reiarlag vi aldri før har sett i Olden endeleg har forstått kor flott destinasjonen er, seier Oldeide.

Hoven Loen vekkjer oppsikt

Som på tidlegare messer var fokuset mykje på mogelegheitene for å besøke breane og oppleve fjordcruise i Norge.

– Men i år var også Hoven Loen ei fantastisk nyheit å ta med i møta, seier driftssjefen for Nordfjord Havn.

– Travelt og nyttig

Også dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, er godt nøgd etter verdas største cruisemesse.

– Det har vore travelt og nyttig. Norge var godt synleg, og det var hyggjeleg å vere ein del av dei flinke og dyktige norske representantane på verdas største cruisemesse for å selje inn Nordfjord som cruisedestinasjon, seier Lindvik, som legg til:

– Cruise er eit stort og viktig segment for mange i reiselivet. Alt tyder på at det vil vere det også i åra som kjem!

Olden i fokus: Frå standen på Seatrade Cruise Global. Foto: Sølve Oldeide