Sander Amble Haugen har skrive kontrakt med eliteserieklubben Viking.

Amble Haugen byter ut Stryn med Stavanger, og innvikaren er allereie på plass hjå siddisane. Om han gjer det bra på andrelaget vil han kunne ta steget opp på a-laget. Frå før har han to treningsopphald bak seg i klubben.

Ambisiøs spelar

Trenar for Stryn, Johann Sigurdsson, seier at han no først og fremst mistar ein god midtbanespelar.

– Han er ein fin type med gode kvalitetar, og han har ambisjonar. Sigurdsson ser likevel framover og seier at han har spelarar i stallen som no vil få sjansen. I tillegg blir det jobba godt nedover i aldersbestemte klassar, så rekrutteringa framover er han ikkje redd for.

– Vi skal først og fremst utvikle våre eigne spelarar, seier Sigurdsson.