Fleire og fleire bilistar vel piggfrie vinterdekk. Det er no flest av dei blant Oslo-bilane, etter tre år med Bergen-dominans.

– Det er gledeleg at piggfridelen framleis aukar. Pigg-bruken er ei viktig årsak til problem med vegstøv. Når støvet blir så fint at det held seg svevande i lufta, kan det pustast inn og irritere luftvegane. Mange toler ikkje dette og blir sjuke, seier sjefingeniør Pål Rosland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegvesenet tel kvart år piggdekkbruken i 13 norske byar og byområde. Også i år har Oslo, Bergen, Asker/Bærum, Drammen og Fredrikstad/Sarpsborg den høgste piggfridelen i landet. Her køyrer over 80 prosent med piggfrie vinterdekk, viser teljingane.

Dei tre siste åra har Bergen lege øvst på piggfri-lista. Men denne vinteren klatra Oslo tilbake til topps. I Oslo har 88 prosent køyrd piggfritt, medan 87 prosent hadde teke piggane av i Bergen. Asker og Bærum har også blanda seg inn i toppen, med 87 prosent piggfridel.

– Auken i piggfridelen har vore størst i Trondheim. På eitt år auka han frå 63 til 70 prosent. Årsaka er at kommunen innførte piggdekkgebyr i fjor. Då kommunen avvikla ordninga i 2010 fall delen år for år, no er han på veg opp igjen, seier Rosland.

I Stavanger og Sandnes er det ein nedgang i piggfridelen på tre prosentpoeng til 74 prosent.

Kampanjen «PIGFREE» som Stavanger kommune har gjennomført har ikkje gitt effekt – og frå oktober i år innfører kommunen piggdekkgebyr.

(©NPK)