Vi går lysare kveldar i møte. Natt til søndag klokka 2 går vi igjen over til sommartid, og klokka skal stillast éin time fram.

Sommartida varer fram til søndag 29. oktober.

Fleire land i Europa innførte opphavleg sommartid under første verdskrigen for å utnytte dagslyset betre i den delen av døgnet vi normalt er vakne. Éin ekstra time med lys om kvelden gav også lågare energiforbruk til lys og varme.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980.

Mange hugsar ikkje om klokka skal stillast fram eller tilbake ved overgangen til og frå sommartid. Da kan du bruke denne hugseregelen: Ta utgangspunkt i at du ser fram til sommarferien, og at du dermed stiller klokka fram på våren. Om hausten lengtar du tilbake til sommarferien og stiller dermed klokka tilbake. (©NPK)