Det kjem fram i ein rapport som Handelshøyskolen BI har laga med støtte frå Medietilsynet (Rådet for anvendt medieforsking – RAM).

Brukarbetaling

Førsteamanuensis Mona Solvoll ved institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI står bak rapporten, skriv Medietilsynet i ei pressemelding. Rapporten viser at verken lesarane eller annonsørane forsvann etter at lokalavisene innførte brukarbetaling.

Digital bruk

Ifølgje rapporten skuldast dette først og fremst at avisene har lukkast med å konvertere lesarane til å bli digitale brukarar. Lesaropplevinga på nett er blitt betre, og lesarane brukar lengre tid og les fleire saker på nettavisa enn før.

Samspel

Solvoll meiner difor at debatten ikkje bør dreie seg om avisene skal tene pengar på annonsar eller brukarbetaling, men korleis samspelet mellom desse inntektskjeldene bør organiserast.