Det er duka for kveldskamp når Stryn tek i mot naboen frå andre sida av Kvivstunnelen. I potten ligg det ein billett til andre kvalikrunde i cupen.

Det er med andre ord duka for harde duellar når sesongen no for alvor tek til etter ein lang vinter med treningar og treningskampar.

4. divisjon

Både Stryn og Volda blir i år å finne i 4. divisjon. Førre sesong spelte laga i same avdeling. Stryn vann 3–2 i heimekampen mot Volda medan bortekampen enda 4–1 til Dagmund Evebø sine elevar.

Til kveldens kamp er Justinas Busmic uaktuell grunna skade. Tanel Melts er på si side speleklar.

Kampen vil for øvrig, som eit prøveprosjekt, bli streama på Fjordingen si nettside. Kampen finn du her.