Sjåføren vart stoppa i ein kontroll ved Kjøs bru førre måndag, og det viste seg at køyretøyet hadde så store manglar på bremsene at det vart avregistrert. I løpet av natt til torsdag vart køyretøyet køyrt uregistrert til Nordfjordeid utan at bremsefeila var utbetra.

Køyretøyet vart køyrt til Nordfjordeid og lasta på eit anna vogntog, slik at det kunne fraktast ut av landet.

Stoppa på Folven

I ein kontroll på Folven vart vogntoget med den avregistrerte bilen på lasteplanet stoppa. Der innrømte føraren at han hadde køyrt det avregistrerte køyretøyet til Eid. Føraren av lastebilen vart meld for ikkje å følgje pålegg om at køyretøyet ikkje kunne brukast på vegen, samt å køyre med trafikkfarleg og uregistrert køyretøy.

Utvist

Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor seier at føraren har fått eit førelegg på 10.000 kroner.

– I tillegg blir føraren utvist frå Norge i to år, seier Trosdahl.