– Det er ei ære for oss å få stille ut desse medaljane, sa banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Stryn, Odd Kjetil Tonning, før hovudpersonen sjølv kunne klippe snora som ei offisiell opning av utstillinga. Den skal henge til inspirasjon i baklokala på ubestemt tid.

Formelt Utstillinga vart opna med eit tradisjonelt sakseklipp, med hjelp frå dei unge og lovande Markane IL-jentene (f.v) Oda Svartstad Hole, Katrine Svartstad Heggdal og Inger Hjelmeset. Foto: Roger Oldeide

Medaljane har vore nedlåst i bankboksar på huset over lang tid. Det var Tarjei sitt eige forslag å få dei opp og fram i lyset og banken var ikkje vonde å be.

– Eit synleg bevis

– Det var ikkje plass til alle, men vi har samla dei gjevaste i dette skåpet. Dei skal stå framme som ein inspirasjon og som eit synleg bevis på at det går an å få det til. Det er og ein synleg honnør til foreldre og frivillige i Markane IL for det arbeidet som blir lagt ned i klubben, sa Tonning som samstundes markerte vidareføring av sponsoravtalen med Markane IL.

Sponsoravtale Markane IL fekk fornya sponsoravtalen med Sparebanken. Her representert av (f.v) Monica Halsteinslid, Katrine Svarstad Heggdal, Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og leiar Eldbjørg Hatledal. Bak står banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Stryn, Odd Kjetil Tonning og Tarjei Bø. Foto: Roger Oldeide

– Den er viktig for oss og den er viktig for born og unge i klubben, sa Tonning som fortalde om då Tarjei fekk 50.000 kroner i stipend i 2009.

– Tarjei si målsetting var klar; «Eg skal vinne OL-gull i Vancouver og gruse Bjørndalen» sa Tarjei den gong, og no heng beviset her, fortalde Tonning.

Har aldri vist fram medaljane

– Eg har aldri hatt medaljane framme før. Eg likar ikkje å ha dei på utstilling i leilegheita i Oslo heller. Eg har ein teori om at då kan eg bli litt for fornøgd og litt for sløv for å ta nye merittar, sa Tarjei som var godt fornøgd med utstillinga.

– Eg fekk litt sjokk når eg såg kor stort skåpet var, men det vart veldig fint og her er plass til fleire. Skal eg klare å halde Johannes bak meg i medaljefangsten så får eg berre henge i, fastslo Tarjei.

– Stolt

Tarjei fortalde at det var naturleg for han å ha den imponerande samlinga av medaljar utstilt i Stryn. Nokre av medaljane betyr mykje for 28-åringen.

– Medaljen for samanlagtsigeren i 2011 heng vel høgst. Det er tøft å vinne den, fortel Tarjei som slo både Bjørndalen, Svendsen og Fourcade for den pokalen.

– Eg er stolt av medaljane mine, så eg håpar folk med kølapp i banken tek seg ein kikk på dei, sa ein fornøgd Tarjei Bø.