Komitéen som har fått ansvar for namn og kommunevåpen for den nye kommunen mellom Hornindal og Volda ønskjer innspel frå innbyggjarane. Sit du på eit forslag du meiner bør vurderast, så er det i følgje nettsida til Hornindal kommune 10. mai som er fristen for å sende inn.

Mellom dei innsende forslaga skal det trekkjast ut tre vinnarar. Premiane blir opplyst å vere boka Busetnadssoga for Volda, Nordfjordboka og eit nettbrett.

Det er Jon Tvinnereim som leier komitéen og med seg har han honndølene Rolf Taraldset og Siv M. Kristensen, samt Kari Hasle og Odd Arne Folkestad frå Volda.

Det skal også lysast ut konkurranse når det gjeld utforminga av kommunevåpen. Dette vil skje før sommarferien.