Kampar på gras er dermed ein saga blott, og tysdag var Kveen i gang med å fjerne grasmatta på Stryn stadion. Om alt går etter planen vil det nye kunstgraset vere klart til bruk rundt 1. juni. Den nye bana vil ligge vis a vis kunstgrasbana som ligg like ved.

– Dette ser vi verkeleg fram til, seier dagleg leiar i fotballgruppa, John Os. Han legg ikkje skjul på at det er utfordrande å legge kabalen når det gjeld treningstider og kamptidspunkt slik situasjonen er med dagens aktivitet.

– Det har vore sprengt kapasitet lenge, men med den nye bana vil det bli mykje lettare, seier Os. Rundt bana vil det kome flomlys, og dagens tribune blir også bygd på.

Mange store kampar har blitt spelt på grasbana i Stryn opp gjennom historia. No har arbeidet med å legge kunstgras starta. Foto: Thomas Thaule
Det gamle graset er allereie fjerna. Slik såg det ut torsdag kveld. Foto: Thomas Thaule