Fjord1-eigar Havilafjord vurderer å børsnotere halve Fjord1.

Planen er at Havilafjord skal sitje igjen med 51 prosent av aksjane etter ei børsnotering, skriv næringslivsavisa Nett.no.

Havilafjord håper på denne måten å hente inn ein del av dei 1,7 milliardar kronene som trengst for å kjøpe resten av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune i ferjeselskapet, slik dei har opsjon på. Fylkeskommunen eig framleis 33 prosent av selskapet, mens Havilafjord frå nyttår av vart majoritetseigar med resten av aksjane.

Ifølgje ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities, blir aksjane prissett til 32–35 kroner, noko som prisar heile selskapet mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner.

(©NPK)