Stryn Turn stillte med ein fyldig tropp under Barneturnstemnet som vart arrangert av Måløy og Skavøypoll denne helga. Den vel hundre mann store gruppa markerte seg både i omfang og i kvalitet på gymmatta.

Stryn hadde med deltakarar frå 6-18 år og i tillegg deltok instruktørar og foreldre. Her kan du sjå ein liten snutt frå ungdomsgruppa si oppvisning i Nordfjordhallen søndag.

- Eg er stolt over Stryn Turn sine prestasjonar under oppvisninga, og godt nøgdmed våre mange instruktørar og foreldre, som alle samanbidreg til å gjere opplevinga for turnarane positiv.Også imponert over arrangøren Måløy/Skavøypoll som greidde å planleggeog gjennomføre eit så stort stemne tilnærma prikkfritt, seier leiar for Stryn Turn, Arve Aaning.

NB! Dersom du nyttar Explorer som nettlesar og har problem med avspeling av videoen, prøv Google Chrome.