– Fylkesordførarane frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal hadde ansvar for totaliteten for sine fylke, medan vi konsentrerte oss heilt og fullt om rv 15 då vi var inne til høyringhos stortingets samferdslekomite denne veka, seier regionrådsleiar Jan Ove Tryggestad til Fjordingen. Han seier det er avgjerande viktig at komiteen kjem med merknad om rv 15, dersom prosjektet skal kunne kome i posisjon ved neste rullering om fire år.

– I motsett fall er rv 15 skubba langt ut i skoddeheimen.

Fylkesordførar Jenny Følling poengterte i sitt innlegg at Strynefjellet ligg inne med 800 millionar kroner i gjeldande NTP, men 0 i det siste framlegget.

– Det er svært positivt at Strynefjellet vart trekt fram av begge fylkeskommunar og som hovudinnspel frå Sunnmøre regionråd. Dette er viktige innspel i det vidare arbeidet med NTP og eg kjem til å følgje opp for å få avgjerd på trasévalet i tråd med innstillinga frå Vegvesenet så snart som råd, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ein kommentar.