Ei gruppe av strynerussen fekk åtvaring frå politiet fredag, etter at politiet blei kjend med at russen skulle ha dukka ungdom i elva og deretter lagt ut film om hendingane på sosiale media.

– Vi fekk tips torsdag og såg gjennom filmmaterialet. Deretter reiste vi på skulen fredag og snakka med russen. Dei fekk beskjed om at slike ting gjer ein ikkje. Dei fornærma har ikkje meldt forholda til politiet, og vi har heller ikkje oppretta sak. Men skjer slike ting ein gong til, kan det bli politisak ut av det, seier politiførstebetjent Vidar Stavik.

– Filmane vi har sett viser ungdom som vert skubba og kasta ut i vatnet, til dels på grunt vatn i ei elv. Dermed kunne konsekvensane også blitt meir alvorlege for dei fornærma, seier Stavik.

Han har elles inntrykk av at russen i Stryn oppfører seg fint.