Sverre Sæten, opprinneleg frå Stryn, er 51 år og bur Stardalen, der han og ektefellen driv med mjølkeproduksjon. Han jobbar i tillegg som røyrleggar, er aktiv jeger og friluftsmenneske og har gått jaktoppsyn i Reinheimen-Breheimen villreinområde, opplyser Rein-Arne Golf, rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn Sogn og Fjordane.

Jobben til rovviltkontakta er å dokumentere skade på beitedyr der det er mistanke om at dei er drept eller skada av rovdyr, kontrollere spormeldingar og vere med på bestandsovervaking av dei fire store rovviltartene.