Briksdalsbreen har ikkje gått noko tilbake sidan i fjor. Tvert imot har han vakse – i tjukkleik. – Dette skuldast at ein hadde ein positiv massebalanse i 2015, det vart liggande att meir snø enn det smelta, seier Atle Nesje, professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Det har vore mykje fokus på minkinga av norske isbrear dei siste åra. Briksdalsbreen har siste åra vore stabil, og i år ser det ut at han har vakse noko i tjukkleik.

Kilt seg fast

– Det er tydeleg at fronten har blitt mykje tjukkare i høve til i fjor og at det rasar frå fronten, fordi han har ein høg steil vegg, seier geologiprofessor Atle Nesje.

– Han heng på same plassen som tidlegare ser vi. Han har kilt seg fast i ei kløft, og så har det kome ned større ismassar som gjer at han har blitt tjukkare. Samtidig rasar det frå fronten, det ligg ei stor vifte med is under, som ein ser på bildet.

Frå 2015

– Kvifor har breen blitt tjukkare?

– Det er nok eit resultat av året 2015. Då var det ei såkalla positiv massebalanse, det vart liggande igjen meir snø enn det smelta. Så breen hadde rett og slett eit overskot. Desse massene har no nådd ned i fronten.

Nesje seier det er normalt at breen er noko tjukkare på våren, og så blir tynnare utover sommaren.

– Men det ser for meg ut for at breen er tjukkare i år enn han var i fjor på same tid.

Må ha fleire år

– Kan dette bety at breen kan vekse framover igjen?

– Dersom fronten skal vekse igjen, må han byggje seg saman med ismassene nede. Det må rett og slett rase så mykje frå breen at fronten får kontakt med dei ismassene som har rasa, slik at han kan byrje å gå framover igjen. For at det skal skje, må vi nok ha fleire år med positiv massebalanse.

Gunstig

Nesje seier det i 2016 var negativ massebalanse, så dette at breen veks i tjukkleik i denne omgangen truleg er eit forbigåande fenomen.

– Men posisjonen er den same, han ligg på same plass som i fjor og har heilt sikkert ikkje gått tilbake. Det er jo gunstig, seier geologiprofessoren.