Første lokale jordbæra er i marknaden om tre veker. Dei kjem frå Innvik og er produsert i tunnel der produksjonstida er 60 dagar frå planting til første bæra er klare for plukking.

– Her kan vi plukke jordbær med rett rygg, seier Atle Skaaden og tek oss med inn i plast-tunnelen med til saman 400 meter med jordbær.

Godt isolert for regn, og med eit system som tilfører både vatn og gjødsel er han nærast fri alt som heiter sprøyting.

– Det heiter 60 dagar frå planting til plukking, og det ser ut til å halde, seier han og viser fram blomster som er i ferd med å knyte seg til første bæra. Resultatet er for tidleg å seie noko om, men han blir i alle fall første mann i marknaden, og fleire kjem etter. Bæra har namnet Rumba, og plantane kjem frå Holland.

Tidlege bær: Jorbærplantane får tilført ei blanding av gjødsel og vatn kvar einaste dag. Foto: Inge Fænn