Laurdag kan Per-Egil Flo frå Stryn bli seriemeister med Slavia Praha i tsjekkisk fotball. Og det på første forsøk.

Det var i januar at Flo sette kursen mot den tsjekkiske hovudstaden og klubben Slavia Praha.

Han vart dermed første nordmann i tsjekkisk fotball, og no kan han bli seriemeister. Frå før har stryningen to cuptriumfar og eitt seriegull med Molde.

Slavia Praha står med 17 seriemeisterskap, men ein må tilbake til 2008/2009-sesongen for å finne siste triumf.

– Vi gjer no dei siste førebuingane til kampen i helga. Eg merkar kor mykje denne kampen betyr for klubben, spelarane og supporterane, seier Per-Egil Flo til Fjordingen. Han innrømmer at det hadde vore stas med eit seriegull i Tsjekkia på første forsøk. Om han får spele veit han ikkje, men klar er han i alle fall.

Slavia Praha toppar tabellen med 66 poeng før siste kamp, to poeng føre Viktoria Plzen. Siger i siste kamp heime mot Brno eller poengtap for Plzen sikrar tittelen for Flo og lagkameratane. Om Slavia spelar uavgjort og Plzen vinn vil sistnemnde gå føre på innbyrdes oppgjer.