Poeten med trompeten, skriv Arild Andersen i Aftenposten og gjev terningkast 5 til Arve Henriksen sin nye CD. Towards language – mot språk – heiter det nye albumet til jazz- og improvisasjonsmusikaren frå Stryn.

– Det har vore eit spennande prosjekt. Alltid ei utfordring «å kome på noko nytt», seier Arve Henriksen til Fjordingen.

Det niande albumet

Arve Henriksen er jazz- og improvisasjonsmusikar og komponist, utdanna ved jazzlinja ved NTNU. Han gjev no ut sitt niande album.

Han har som musikar mellom anna motteke Buddyprisen og Radka Toneffs minnepris.

– Å uttrykkje noko på eiga hand kan vere ganske utfordrande til tider, seier Henriksen, som viser til at han gjennom mange år har samarbeidd og lete seg inspirere av ulike musikarar, på vegen for å skape sitt eige språk og fortelje historier med verktøya sine: Trompeten og røysta.

Har farga og forvandla meg

Han viser til musikalsk rettleiing og inspirasjon frå bandleiarar som Jon Balke, Christian Wallumrød og Trygve Seim, bandmedlemmer som Helge Sten og Ståle Storløkken og produsentar som Manfred Eicher, Erik Honoré, Jan Bang og Rune Kristoffersen.

– Og så sjølvsagt den lange lista av andre musikarar og kollegaer i forskjellige konstellasjonar. Alle har dei farga og forvandla meg i dei ulike kunstnarlege tidssonene eg har passert gjennom, seier Henriksen.

Familien sine røter

– Kva kan du seie om dette albumet musikalsk sett?

– Musikken har forbindelse tilbake til mitt tidlegare album Places of Worship (2013). Innspelinga inneheld improvisasjonar og har henta inspirasjon frå komponistar som Toru Takemitsu og Manuel de Falla, elektronisk musikk og tradisjonell orgelmusikk.

Dessutan har Henriksen denne gongen leita bakover mot eigne røter.

– Den siste songen i albumet inneheld eit tradisjonelt kvinnetema som knyter seg til familien sine røter i Nord-Norge, fortel Arve Henriksen, som har fått med seg kona, Anna Maria Friman Henriksen frå Trio Mediaeval til å synge på dette sporet.

– Det har vore spennande å presentere eit kven-tema og dra linja til far min sine slektsrøter og opphav i Nord-Norge, seier Henriksen.

– Og så er det alltid hyggjeleg å samarbeide med kona si!

Saman: Arve har med kona Anna Maria på plata. Her frå eit tidlegare prosjekt med Ellivan-tekstar. Foto: Hans Holmøyvik