Onsdag 21. juni blir FN-nettet skrudd av for dei største radiokanalane i Sogn og Fjordane. Men små lokalradioar som Radio Stryn kan framleis sende på FM-nettet som før.

Radio Stryn har konsesjon dei komande åra, så ivrige radiobingo-spelarar og quizdeltakarar kan halde fram som før.

Totalt 17 av 37 norske lokalradiodistrikt står førebels utan ein utbyggar av DAB-nett. Dermed kan halve landet stå utan lokalradio når FM-nettet blir sløkt.

Avisa Vårt Land har snakka med fleire som driftar lokalradioar, og bekymringa er den same for fleire av dei: Geografiske avgrensingar og økonomi gjer det lite sannsynleg at dei vil få eit fungerande DAB-nett i sitt distrikt, skriv Nynorsk Pressekontor.

- Korleis blir situasjonen for Radio Stryn?

- Dei landsdekkande radiostasjonane og andre som leiger sendenett/omformerar er berørt av dette. Radiostasjonar som eig og driftar eige nett blir ikkje berørt. Radio Stryn er i denne siste kategorien, seier radiovert Ove André Aarskog i Radio Stryn.

Dermed oppfordrar han lyttarar til Radio Stryn om ikkje å kaste FM-radioen sin:

– Vi i Radio Stryn har bygd ut eige sendenett og blir ikkje berørt av dette, enn så lenge. Så langt eg kjenner til vil vi behalde nettet vårt til 31. desember 2021. Dette er tilråding frå kulturdepartementet av 17. april 2015, Stortingsmelding nr. 24 (2014-2015), seier radioverten i Radio Stryn.