Torsdag 1. juni skal Hornindal kommunestyre ta stilling til forslaget om at den samanslegne kommunen av Hornindal og Volda skal bli døypt Volda kommune. Fjordingen gjorde difor ei enkel rundspørjing på Grodås med spørsmålet;

– Kva synest du om at den samanslegne kommunen får namnet Volda kommune? Kva synes du er det beste alternativet?

Alle dei spurde hadde meiningar, men ikkje alle ville i avisa med dei. Når det gjaldt alternative namn, var det spesielt «Kviven» som utpeika seg som eit passande namn på dei to kommunane.

Nordfjording: – Eg er ikkje så oppteken av dette. Eg er uansett Nordfjording. Kviven passar betre enn Volda her, seier Rudi Lødemel.

– Uansett nordfjording

– Eg er ikkje så oppteken av dette. Eg er nordfjording og det kjem eg alltid til å vere. Kviven hadde vore det beste namnet, men vi har vel ikkje så mykje vi skulle ha sagt. Er det ikkje det som er demokrati? skrattar Rudi Lødemel.

Anne Britt Seljeset har ingen problem med at kommunen kan bli døypt til Volda.

Ingen problem: – Litt som forventa. Eg har ingen problem med at det blir Volda, men eg synest Kviven hadde passa betre, seier Anne Britt Seljeset.

– Men Kviven hadde vore eit meir passande namn, seier ho.

– Grodås blir eit viktigare namn for oss honndølar viss Volda blir namnet. Grodås er eit unikt namn i Norge, seier 90-åringen Ragnar Kirkhorn som har budd på Grodås heile sitt liv. Han har sjølv ikkje noko forslag, men synest Kviven eller Volda og Hornindal kommune passar betre enn Volda.

– Men eg er eigentleg litt skuffa over at vi ikkje vart slått saman med Stryn sidan vi er så knytt den vegen, seier Kirkhorn.

Systera Ida Sollien som er på besøk, er samd med broren.

Naturleg: – Berre naturleg at Volda blir det nye namnet. Eg har ingen problem med dette, seier dagleg leiar ved YX-stasjonen på Grodås, Bottolf Grodås.

– Volda er jo mykje større enn Hornindal. Men Kviven synest eg er eit godt forslag. Det er jo bindeleddet, poengterer Ida Sollien.

– Passar ikkje inn

– Det er berre naturleg at Hornindal blir døypt til Volda. Fylket har alt for lenge vore styrt av ein Sp-politikk som ikkje skal forandre noko. Vi må tenkje framover og innovativt, seier Bottolf Grodås, leiar ved YX-stasjonen på Grodås.

Passar ikkje: – Eg synest ikkje Volda-namnet passar inn her. Kviven passar betre, meiner Bjarne Navelsaker.

– Volda passar ikkje her så det synest eg dårleg om. Kviven passar betre, seier Bjarne Navelsaker.