Stryn og Vik har etter sju kampar opparbeidd seg ei solid luke i toppen av Kretsligaen, og begge laga står med 21 av 21 mulege poeng. I denne runden møtest laga til dyst i Vik.

Vik har imponert

Vikjene har feia all motstand av bana så langt i sesongen, noko Stryn sin trenar Johann Sigurdsson sjølvsagt har fått med seg.

– Ja, Vik har imponert så langt, men vi gler oss til kampen. Sigurdsson melder om at Emil Allesøe er ute grunna karantene, og at Jonas Denk framleis er ute med skade. Tanel Melts er derimot speleklar igjen, og Lars Midthjell Gjørven kan få sin re-debut for Stryn etter overgangen frå Braskereidfoss nyleg.

Solid

Stryn kjem frå komfortable 5–0 over Skavøypoll, og laget har vist solide takter dei siste kampane. Eit godt resultat i Sogn vil forbetre posisjonen ytterlegare før dei tre siste kampane før ferien.

Oppgjeret på Vik stadion går laurdag ettermiddag, og kampen kan du følgje på Radio Stryn sine nettsider (om du har problem med å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).