Måndag føremiddag legg Stortingets transport- og kommunikasjonskomite fram si innstilling til Nasjonal Transportplan overfor Stortinget. Her har fleirtalet i komiteen, beståande av Høgre, Frp, KrF og Venstre, lagt inn ein merknad om rv 15 Strynefjellsvegen som gjer at prosjektet likevel kan vere i posisjon ved neste rullering av NTP. Då regjeringa tidlegare i vår la fram sitt forslag til NTP, var Strynefjellsvegen heilt ute.

Merknaden har slik ordlyd:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at det er stort behov for å ruste opp Strynefjellstunnelene til dagens sikkerhetskrav, og at forholdene er langt under det man kan forvente for en viktig fjellovergang. Flertallet viser til at det har vært behov for grundig utredning av hvilke tiltak som bør gjennomføres for en langsiktig utbedring av rv. 15 Strynefjellet, og at kvalitetssikring av siste utredning av pågår. Flertallet merker seg at siste utredning peker på B1 som den løsningen med best måloppnåelse, og viser til at denne innebærer en lang tunnel med en mulig fylkesveiarm til Geiranger. Flertallet imøteser en rask konklusjon for strekningen, slik at prosjektet er aktuelt for neste rullering av Nasjonal transportplan».

- Eit gjennombrot

- Dette er ein viktig merknad for å få fastslåttt trasé så raskt som mulig, slik at ein kjem vidare med planlegging av prosjektet, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) til Fjordingen.

Medan komiteen legg fram tilrådinga måndag, vert planen debattert og handsama 19. juni.

- Ettersom det er eit fleirtal som stiller seg bak merknaden om Strynefjellet, vil den og bli vedteken. Dette er eit gjennombrot med tanke på avklaringar og vidare framdrift, seier Lødemel.

Han er klar på at samla argumentasjon frå tre fylke, Sunnmøre Regionråd, kommunar og brukarar har vore sterkt medverkande til at dei fire partia samla seg om ein klar merknad som gir håp om ei løysing for Strynefjellsvegen.

I ei pressemelding frå H, Frp, KrF og V heiter det:

«Det er svært gledelig at regjeringspartia og samarbeidspartia har blitt samde om ein viktig merknad om Rv 15 Strynefjellet i Nasjonal Transportplan 2018-2029. Opprusting av vegen over Strynefjellet er avgjerande for å gje vintersikker og rassikker veg. Desse partia har med denne fleirtalsmerknaden følgt opp grundige og gode innspel i høyringa til NTP frå tre fylkeskommunar, regionråd, kommunar og ikkje minst frå brukarane av denne viktige forbindelsen mellom aust og vest. Merknaden viser til at standarden på vegen er for dårleg, at B1 er løysinga som gjev den beste måloppnåing, og at ein ber om rask konklusjon på trasevalet frå regjeringa. Alt dette er eit viktig signal til regjeringa frå desse partia på Stortinget.»

I den same pressemeldinga ligg det uttaler frå alle dei fire partia:

Frida Melvær, 1. kandidat for Sogn og Fjordane Høgre:

- Rv 15 over Strynefjellet er ein svært viktig eksportveg austover for næringslivet for store delar av Nordvestlandet.  Vegen er rasfarleg og har alt for dårleg standard til å fylle denne rolla. Særleg gjeld dette for tunnelane. Eg er svært glad for at denne merknaden peikar på at B1 med arm til Geiranger er den løysinga som gjev best måloppnåing, og at ein ønskjer ein rask konklusjon for å kome vidare med planlegginga.

Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre:

- Som fast billist over Strynefjellet veit eg veldig godt kor stort behovet er for opprusting. Eg er glad for at vi har funne fram til offensive formuleringar i Stortinget, som peikar ut vegen framover for eit viktig prosjekt for heile Nordvestlandet.

Britt Dalsbotten, 1. kandidat for Sogn og Fjordane Framstegsparti:

- Dagens standard er ikkje haldbar og noko må gjerast, det er det stor semje om. Sidan  tunnelane på vegen ikkje tilfredsstiller kommande tunnelsikkerheitsforskrift, hastar det. Vegen må også bli vintersikker sidan det er ein føresetnad for næringar med krav til tid og effektivitet. Den er og viktig for turisme og persontransport. Difor vil det også vere viktig å knyte den opp mot eit heilårssamband til Geiranger. Denne merknaden er viktig for å få fart på nødvendige utbetringar.

Tore Storehaug, 1. kandidat for Sogn og Fjordane KrF

- Eg er glad samarbeidspartia har klart å få på plass ein god merknad om Strynefjellet. Dette har vore eit av prosjekta som har vore viktige for oss. Det er behov for tiltak over Strynefjellet, spesielt sidan det handlar om å kople næringslivet i Nordfjord og Sunnmøre nærare marknadane.

Riksveg 15 møte i Stryn for få veker sidan. F.v.: Varaordførar i Stryn Torstein Tvinnereim, ordførar i Stryn Sven Flo, Ragnvald Flåten, Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, Helge Orten (transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget), ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel, Rolf Olav Tenden og Svein Sunde i Gode vegar. Foto: Thomas Thaule
Samla bak merknad om Strynefjellsvegen i Nasjonal Transportplan. F.v. Britt Dalsbotten Frp, Sveinung Rotevatn (V) og Tore Storehaug (KrF) Foto: privat