Stryningen Per Egil Flo er med i startoppstillinga når Norge møter Sverige i privatlandskamp tysdag kveld. Det melder TV2. Landslagssjef Lars Lagerbäck har gjort seks endringar frå laget som spelte 1–1 mot Tsjekkia laurdag. No etterlyser han meir attityd frå spelarane.

- Attityd er like viktig i ein treningskamp. Det handlar ikkje berre om at det skal smelle, men om konsentrasjon, arbeidsinnsats og mykje meir. Det blir same kampgjennomgang i kveld som før Tsjekkia-kampen. Vi tar med oss både det gode og mindre gode frå den kampen, seier Lagerbäck til fotball.no.

Kampen går direkte tysdag kveld på Eurosport Norge.