FJORDINGEN FOR 10 ÅR SIDAN: Barnetoget med den nye fana på veg til Vikalida Barnehage. Foto: Ove Sveen
            (Foto: Ove Sveen)

FJORDINGEN FOR 10 ÅR SIDAN: Barnetoget med den nye fana på veg til Vikalida Barnehage. Foto: Ove SveenFoto: Ove Sveen

Fjordingen for 10 år sidan:

Stor fest då barnehagen opna i Vikalida

Frå Fjordingen for 10 år sidan:
Over 200 var tilstades under den offisielle opninga av natur- og friluftsbarnehagen i Vikalida nær Stryn sentrum.

Barnehagen med born og tilsette, foreldre og innbedne gjester gjekk i tog frå Vikabruna og til barnehagen. Den nye fana vaia høgt til tonane frå trekkspelet til Johan Olai Svidal. Det var eit omfattande program med borna i fokus, og dagen vart avslutta med servering. Biletet på den nye fana er av Magne Kristiansen fritt etter biletet «Soria Moria» av Theodor Kittelsen og symboliserer eit barn som er på vandring mot framtida. Elementa jord, eld, luft og vatn er viktige i livet kunne borna fortelje under programinnslaga. Barnehagen sin visjon er å så spiren til det gode liv. Stein på stein skal varden byggjast. Steinane symboliserar verdiane i livet, og på toppen skal elden kveikjast. Ordføraren fekk æra av setje den kveikte fakkelen på toppen. Det avdelingsfrie barnehagen i Vikalida er bygt for hundre born, og har kosta 13,2 millionar kroner.

Styraren i barnehagen, Astrid Bakken, fekk mange godord for innsatsen.

Bonde i Herrens åker

Fjordingen for 10 år sidan: Han har vore militær, lærar og hatt mange stillingar inna kristent arbeid. Han har vore kateket og no sists prest, men framfor alt har han vore honndøl all sin dag.

Vi snakkar om Jon Ytrehorn. Mannen som er i ferd med å rydde kontoret etter eit langt liv i Herrens teneste, men som framleis har døra på gløtt for nye oppgåver.

FJORDINGEN FOR 10 ÅR SIDAN: Jon Ytrehorn gledar seg over bløming både i kyrkja og eigen hage. Foto: Inge Fænn
            (Foto: Inge Fænn)

FJORDINGEN FOR 10 ÅR SIDAN: Jon Ytrehorn gledar seg over bløming både i kyrkja og eigen hage. Foto: Inge FænnFoto: Inge Fænn

Jon avslutta tusenåret med eit sabbatsår. Kvila gjorde godt, og han sa ja til biskop Ole D. Hagesæther sitt spørsmål om han ville bli prest. Ei ordning som no var opna for utan vanleg presteutdanning etter 370 år med nei frå styremaktene.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

– Næringslivet reagerer på TIP-tilrådinga

Næringslivet lokal reagerer på fylkesdirektøren si tilråding om TIP (teknikk og industriell produksjon) komande skuleår.

Dagens leiarartikkel:

Kommunevåpen

Kommunane:

Dyrare og dårlegare utan maskinskatt

Dersom forslaget om å fjerne maskinskatten går gjennom, må det kompenserast med andre skattar eller dårlegare tenester, åtvarar fleire kommunar.

Vil gi utstyr til TIP-linje

Næringslivskrefter i Stryn vil strekkje seg langt for å få på plass TIP-linje i Stryn.

Gamle Innvik ullvarefabrikk ønskjer kommunal støtte:

Søkjer om 50.000 kr

Loen - Rake

Gang- og sykkelveg nedprioritert

– Prioriteringa er basert på grove faktafeil, seier Haldor Hove i Loen Utviklingslag.

Stor nedgang i fråværet

Ferske tal syner stor nedgang i fråværet ved dei vidaregåande skulane.

Mister dagens breibandsløysing

- Kva slags policy er dette? spør Telenor-kundar i Hjelledalen og Oppstryn