I samband med Skikrins-tinget på Skei sist helg vart Inge Fænn takka av etter 17 år som styreleiar i Sogn og Fjordane Skikrins. Skipresidenten sjølv var til stades og takka markaren for innsatsen.

Inge Fænn har hatt ulike verv innan Norges Skiforbund sin organisasjon heilt sidan 1970-talet, og det vart under skikrinstinget understreka at han har lagt ned eit stort arbeid for skisporten i fylket.

Då han gjekk av som styreleiar i helga vart han mellom anna heidra av styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, Nils R. Sandal, og av den påtroppande styreleiaren, Finn Årdal.

Og ikkje minst: Skipresident Erik Røste var sjølv til stades og nytta høvet til å seie nokre velvalde ord til den avtroppande styreleiaren.

Har blitt lytta til

– Inge Fænn har vore ein krinsleiar som har blitt lytta til. Han har hatt eit godt øyre til det som skjer lokalt og i klubbane, og såleis vore ein viktig bidragsytar både i krinsleiarforumet og for oss som jobbar på riksplan, seier Erik Røste til Fjordingen.

– Fordi han har vore flink til å fange opp det som skjer ute på lokalt nivå har han kunna gje oss nyttige tilbakemeldingar på det som skjer på grasrotnivå.

– Tydeleg og positiv

Røste trekkjer fram at Inge Fænn alltid har vore konstruktiv og oppteken av å finne gode løysingar i sitt arbeid.

– Først og fremst for Sogn og Fjordane, som han har vore vald til å ta ansvaret for. Men også i eit større perspektiv med tanke på det beste for norsk skisport, seier Røste, som fortel at han i møtet på Skei karakteriserte Fænn med fire ord:

– Han har vore tydeleg, positiv, kreativ, altså oppteken av å finne dei gode løysingane, og gjort det på ein måte som har blitt akseptert, altså på ein lødig måte med glimt i auget.

Vart heidra: Inge Fænn t.h., her saman med styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, Nils R. Sandal.

– Vel fortent

– Som eg sa i møtet på laurdag: Definisjonen på ein mannsalder er eit tidsrom mellom to generasjonar, cirka 30 år.

Dermed har Inge Fænn vore aktiv i skipolitikken i nesten to mannsaldrar, og definitivt bidrege med mykje bra over mange år. Såleis var det ekstra hyggjeleg å kunne vere til stades og takke han for innsatsen. Den takka er vel fortent, seier skipresidenten til Fjordingen.

Vart heidra: Inge Fænn t.h., her saman med styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, Nils R. Sandal. Foto: Ynge Thorsen