Fylkesmannen har gjeve Rune Ommedal, Gunnhild H. Ommedal, Oddmund Vik, Halldis Hagen og Ivar Hagen delvis medhald i krav om at Stryn kommune skal dekke kostnadar til advokathjelp.

Bakgrunnen for saka er eit vedtak i Stryn kommune om rammeløyve for oppføring av bustadbygg med fire bueiningar. Vedtaket vart påklaga, og klagen vart teken til føge. Vedtaket til Stryn kommune vart dermed oppheva.

Etter lova har ein part krav på å få dekt vesentlege kostnadar som har vore nødvendige for å få endra eit vedtak til sin gunst.

Fylkesmannen konkluderer med at opphevinga av vedtaket må seiest å vere «endring til gunst for klagarane», og har gjort vedtak om å ta kravet delvis til følge, slik at dei fem interessentane får dekt utgifter til advokathjelp for inntil 8,35 t. Utgiftene skal dekkast av Stryn kommune.