Det var i samband med fylkeskommunen si årsmelding Kvamme trekte fram arbeidet på fv 60 Ugla-Skarstein.

Årsmeldinga inneheld mellom anna oppsummering frå dei ulike sektorane, og dermed også omtale av dei fylkeskommunale vegprosjekta som er igangsette.

Ta lærdom av

– Sidan fylkestinget har møte i Loen, har eg lyst til å ta fram arbeidet på fv 60 Ugla-Skarstein, sa Kvamme.

Han minna om at dette er ei vegstrekning som i mange år har hatt svært stort behov for utbetring, og at ein no faktisk snart er komne i mål.

På talarstolen: Jon Olav Kvamme under fylkestinget i Loen.

– Det å drive med omfattande vegarbeid på ein sterkt trafikkert veg er krevjande. Det var mange som var spente på om det vart mykje stenging som ville skape problem, spesielt med tanke på turisttrafikken, sa Kvamme.

– Det er difor grunn til å gje ros til entreprenøren og alle som har hatt ansvar for organisering av framdrifta på vegarbeidet. Måten dette er gjort på er noko ein må ta lærdom av!

Skår i gleda: Gang- og sykkelveg

Jon Olav Kvamme la til at det oppe i det heile er eit skår i gleda: At anlegget nærmar seg mål utan at gang- og sykkelveg er komen på plass.

– Eg håpar at det kan finnast ei løysing slik at dette i alle fall kan ordnast stykkevis, oppmoda fylkestingsrepresentanten frå Oldedalen.

Nyttig organisering

Jon Olav Kvamme sit i hovudutval for næring og kultur, og nytta også høvet til å seie litt om arbeidet i dette utvalet.

Utvalet er ei samanslåing av dei to tidlegare utvala for næring og kultur.

– Eg meiner, som utvalsleiaren også har sagt, at vi har klart å halde fokus på begge områda, sa Kvamme. Han fortalde vidare at utvalet har lagt møte rundt om i fylket og såleis reist og besøkt både verksemder og kulturinstitusjonar.

– Dette har vore svært nyttig. Det er imponerande å sjå den store aktiviteten på mange område. Vi har fått mykje kunnskap som mellom anna er nyttig å ha når økonomiske midlar skal fordelast, sa Kvamme.

På talarstolen: Jon Olav Kvamme under fylkestinget i Loen. Foto: Gunnhild Sindre