– Dette er ein «redningsstad» for turistane. Det er eit møtepunkt som bringer dei vidare på reisa si, seier Sagueva Gomez, vert på turistkontoret i Stryn. Gro Flølo frå Farmhouse var med på å designe kontoret.

Begge kan bekrefte at indre Nordfjord er ein feriestad som byr på mykje.

– Dei fleste spør om informasjon rundt breane, korleis dei får seg dit, blant anna, fortel Sagueva. Her på Perhusvegen 24 får man god service, og hjelp vidare på reisa.

–Eg blir overraska om vi ikkje klarar å hjelpe turisten.

Turistkontoret i Stryn er designa av Farmhouse. Veggane på kontoret er eit stort 360 grader bilde av utsikta frå Skåla.

–Eg hadde med ein gong lyst å satse på dette prosjektet. Eg meiner at det visuelle gjer ein forsmak på alle opplevingane vi kan by på i Stryn, seier Gro Flølo, kreativ leiar av Farmhouse. Det er ei oppleving i seg sjølv å komme inn i eit rom med eit 360 grader bilde på veggane. Kontoret har og skreddersydde møblar produsert av lokale aktørar.

– Ein stor del av det som gjer Stryn til ein einskild plass, er mengde merkevarer og kreativitet på ein liten strekning. Turisten får definitivt ein forsmak på kommunen vår når han kjem inn på turistkontoret, seier Gro.

Designa turistinfoen: Farmhouse designa turistinformasjonen for tre år sidan, fortel kreativ leiar Gro Flølo. Foto: Paulina Sitarz