Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid feirar i år 15-årsjubileum og utvidar frå to til tre dagar i perioden 20.–22. juli.

– Vi er spente på korleis det går med tre dagar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Bergens Tidende, men legg til at tredagarsbilletten så langt har selt svært bra.

Malakoff som ein av dei festivalane som har hatt ei eventyrleg utvikling.

Sidan starten har talet på besøkjande auka sterkt. Medan 650 var innom festivalen i oppstartsåret 2003, har besøkstalet dei siste åra vore over 22.000, skriv festivalen på eigne nettsider.

Festivalsjefen seier til Bergens Tidende at festivalen i år maksimalt har kapasitet til å ta imot 12.000 publikummarar fredagen og laurdagen – i tillegg til 4.000 torsdagen.

– Det er rett og slett ikkje plass til å ta imot meir folk i bygda, seier han.

For å få hjula til å gå rundt med alt som skal gjerast på festivalen, er rundt tusen frivillige engasjerte i dugnadsarbeid.

Mange kjende artistar har opp gjennom åra stått på scenen under Malakoff. I år får festivalen mellom anna besøk av Biffy Clyro, Refused, Karpe Diem, Turboneger, Alan Walker og Ane Brun.

I år har festivalsjefen også booka si eiga dotter, Anne Kristina Lillestøl Naustdal, som saman med Vilde Hjelle vann Melodi Grand Prix Junior i fjor med songen "Vestlandet".

– Å booka si eiga dotter er vel litt fy, fy. Men eg trur det hadde blitt eit folkekrav her om vi hadde late vere, seier festivalsjefen.

(©NPK)

Bildetekst tc03ae03:

Vilde Hjelle t.h og Anna Naustdal som i fjor vann Melodi Grand Prix junior med songen "Vestlandet", skal i år opptre på Malakoff. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK