– Eg brenn for Oldenutstillinga, så når arrangørane oppmoda meg om å stille ut arbeidet mitt vil eg gjere så godt eg kan for å få til ei flott utstilling, seier Johanna Nygjerd.

Ho håpar folk kan finne glede i utstillinga. Det ligg mange år med arbeid, mykje tanke og refleksjon bak det ho har valt å presentere.

«Livet»

– Utstillinga er ei forteljing om ei alminneleg kvinne sitt liv, fortel ho.

Denne forteljinga blir vist gjennom akvarellar, tekstilbilde, steinaldervev, makramé, ein kombinasjon av klipping, liming og måling, samt skulpturar.

– Det startar med ei kvinne frå havet som finn kjærleiken mellom fjord og fjell - då begynner livets dans. Den neste skulpturen, av ein baby, viser då borna kom. Forteljinga avsluttar med ei kvinne i all enkeltheit. Ho er eit vanleg bygdemenneske som har vore gjennom ulike utfordringar i livet, forklarar Nygjerd.

«Livet» heiter utstillinga, og er ei samansetting av verk Nygjerd har laga både tidlegare i livet og dei seinare åra.

– Ikkje noko av det eg lagar vert laga med tanke på at det skal stillast ut. Denne utstillinga er eit utval av det eg har heime, i huset og i hagen. Eg tykkjer det er inspirerande å lage ting, det er ein viktig del av livet mitt, og det er heilt klart ein heilskap i arbeidet, seier Nygjerd.

Arbeidet hennar eignar seg dermed godt til utstilling.

Populær lokalutstilling

Oldenutstillinga har vore ein fast del av Oldedagane omtrent sidan oppstarten for over 30 år sidan, og det var Johanna og mannen hennar Gunnar som styrte med den i mange år.

– Det er ei utstilling som betyr mykje for meg. Det er flott å ha ein arena der ein kan få sjå arbeidet til kunstnarar frå nærområdet, seier Nygjerd.

Sjølv brukte ho lang tid på å tenkje seg om før ho bestemte seg for å takke ja til å vere hovudutstillar.

– Arrangøren ville så gjerne ha meg med, og det er eit viktig tiltak i høve til Oldedagane. Dessutan er det inspirerande for meg personleg å kunne få vise fram det eg lagar, avsluttar ho.

Takka ja: Johanna Nygjerd valde i år å takke ja til å ha ei lita separatutstilling på Oldenutstillinga. Arkivfoto Foto: Geir-Ståle Vatnamo