Pendelbana Loen Skylift har allereie markert seg ute i den store verda. Før helga kunne ein lese at den nye bana til Hoven er komen med på den amerikanske avisa USA Today si topp-ti liste over verdas beste "cable cars" -eller pendelbaner.

Dei andre på lista er:

  • Mi Teleferico cable cars, La Paz, Bolivia.

  • Sugarloaf Mountain Bondinho, Rio de Janeiro, Brasil.

  • Peak to peak Gondola, Whistler, Canada.

  • Ngong Ping 360, Lantau island, Hong Kong.

  • Table Mountain Aerial Cableway, Cape Town, Sør-Afrika.

  • Palm Springs Aerial Tramway, California.

  • Langkawi Skycab, Malaysia.

  • Skyline Gondola, Queenstown, New Zealand.

  • Cabrio, Stans, Sveits.