– Vi er 15 på vaktlista som deler på arbeidsoppgåvene, fortalde Rasmus Bersvein Tvinnereim då vi var innom kjøkkenet der han og Linea Nesdal var i fullt arbeid med å lage til eit nytt fat med sveler med pudding.

– Sveler med pudding er mest etterspurte, kunne dei fortelje. Det var også det dei bad om, sendelaget frå Stryn som var innom før dei tok turen til Tvinnefossen.

– Mange av gjestene våre kjøper drikke før dei går inn til fossen, og så kjem dei tilbake til kaffi og kaker eller svele, kunne dei driftige ungdomane fortelje.

Sommarkafeen har blitt ein populær tradisjon. Særleg i helgane, og gjestene kjem både frå inn- og utland. Her er servering og her er husflid. Veggane er fylte med kortreist kunst, borda bugnar av alt frå heimespøta sokkar til vevne golvtepper og puter. Her er lokal litteratur, saft og sylte frå Djuv. Kort sagt eit rikt utval anten ein jaktar eit personleg minne eller er ute på tidleg julehandel. Og Jon Nesdal ved kassaapparatet gleder seg over kjøpelysta.

Fin kunst: Bilda på veggen er arbeid av Kari Henden kolset, fortel tanta Astrid Henden som er saman med Ingeborg Øvrebø frå Jølster. Foto: Inge Fænn