Det var Jan Ove Standal (48) frå Stryn som omkom i sykkelulukka på riksveg 15 ved Kleivenes i Stryn onsdag føremiddag.

Jan Ove Standal, som var ein aktiv og svært erfaren syklist, skal ha kome i retning vestover, mot Stryn sentrum då ulukka skjedde.

– Etterforskinga av hendingsgangen tyder på at syklisten sykla inn i søppelbilen som stod stille i vegen. Utfallet av dette var at syklisten omkom, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til Fjordingen onsdag.

Torsdag ettermiddag kan politiet bekrefte at etterforskinga framleis tyder på at det er dette som skal ha skjedd.

– Syklisten kom i retning vestover og kolliderte med søppelbilen som stod i køyrebana med fronten austover. Sannsynlegvis har søppelbilen stått i ro, seier politiførstebetjent Lisbeth Engesæter ved Eid lensmannskontor.

Det er usikkert kva fart sykkelen skal ha hatt ved samanstøyten. Etterforskinga av ulukka er enno ikkje over.

– Vi vil halde fram med tekniske undersøkingar av denne saka, seier Engesæter torsdag ettermiddag.

Engesæter seier at dei i samråd med familien no kan gå offentleg ut med namnet.

Jan Ove Standal vart 48 år gamal.