Gregers Kondot driv hytteutleige ved strandkanten på Tistam og har mange nasjonalitetar innom kvar sommer.

Fire staselege hytter litt idyllisk til ved sjøkanten på Tistam. Greger Kondot flytta i 1992. Han tok over hytteutleiga etter stefar Leif Frøyset som bygde opp turisttilbodet då få satsa på turisme utanfor allfarveg.

- Eg beundrar bygginga av hyttene den gongen, seier Gregers Kondot som ikkje heilt veit korleis stefaren skaffa turistar til å fylle hytten. Han trur det var ein privat kontakt i Tyskland som skaffa gjester. No har dei to firma som presenterer tilbodet.

- Framleis er 95 prosent av gjestane frå Tyskland, fortel hytteeigaren. I tillegg til tyskarar er det besøkande frå Belgia, England og andre europeiske land. Også frå Dubai kjem ein familie for å feriere på Tistam.

- Fleire kjem tilbake gong på gong. Vi får mange positive tilbakemeldingar om at dei slappar av. Dei kan fiske, grille den på kvelden og kose seg. Eg trur dei som kjem hit vil ha ro, seier Gregers Kondot.

Den dagen vi besøkjer hyttefeltet, er dei fleste ute på sykkeltur eller på fisketur og tur i området.

Første gong: Ekteparet Marc og Greta er i Norge for første gong. Dei nyt ein flott sommardag og skal vere på Tistam ei veke før turen går sørover og heim til Antwerpen i Belgia.