Hornindal Næringslag har søkt Fylkesmannen om løyve til at butikkane i Hornindal får halde ope søndag 6. august frå kl. 13 til kl. 17 i samband med at Sommarfesten i Hornindal vert arrangert denne helga.

I søknaden blir det vist til at Sommarfesten tilsvarar dei tidlegare kulturdagane i Hornindal.

Fylkesmannen gir dispensasjon frå lov om heilagdagar og heilagdagsfred § 5 første ledd, jf. § 5 sjuande ledd, til søndagsopne butikkar denne dagen.