Begge hovudvegane mellom indre og midtre Nordfjord og Sunnfjord er stengde som følgje av store nedbørsmengder og øydelagde vegar. Fv 60 ovanfor Utvik er fullstendig rasert, og vil truleg vere stengd i mange veker. På E39 mellom Sandane og Byrkjelo er vegen stengd tre stader, grunna flaum. Det betyr at begge hovudvegane mellom indre og midtre Nordfjord og Sunnfjord er stengde. Omkøyringsvegen mellom Nordfjord og Sunnfjord vert dermed fylkesveg 615 via Hyen.

Også fylkesvegen mellom Utvik og Tistam er stengd på grunn av flaum, melder Statens vegvesen.

For oppdaterte vegmeldingar, sjå Statens vegvesen sitt kart her.