Forsikringsselskapet Gjensidige melder at dei allereie har motteke 43 meldingar om bygningsskadar iSogn og Fjordane. Stryn og Gloppen står for brorparten med omkring halvparten av skadane kvar. I tillegg kjem skadar på køyretøy, båtar o.l.

- Det er framleis på eit tidleg tidspunkt og mangehar hendene fulle med å berge det som bergast kan, så vi forventarat det kjem fleire skademeldingar utover veka når folk får oversiktover eigedomane sine, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo iGjensidige.

Skadene vert opplyst å vere alt frå vatn som har trengt inn i kjellarar til at vassmassene har teke med seg heile bygg.

- Det erfor tidleg å seie noko om den totale kostnaden, men som bilda fråområda viser er det store lokale øydeleggingar. Erstatningssummanevil nok bli betydelege, trur Eklo.